onsdag 7. desember 2011

HO, HO, HOOOO....

Det måtte berre komme, ikkje sant.....;o) Etter ein kjekk kveld i koseleg lag, ein ide, nokre strekar på ei skisseblokk, litt fleire idear og dermed kom denne.

Nisseugle på julesokken. Litt uskuldig og med nisselua på snei.,,, og noko blank i blikket......

Då skulle det meste vere klart, i vert fall på julesokk-fronten. Dei to minste gulla har funne kvar sin favoritt. Nissen og uglenissen er plukka ut.


Eldstegullet har laga sin sjølv, men lurer på om ikkje ho og skulle får ein som mamma har laga.... Difor har det blitt tre, så får ho velje mellom sin eigen eller den litt romantiske som eg har laga;o)

Kjekt har det i alle fall vore å lage desse og endå meir gledeleg er det å vinke farvel til dei raude-filt- lite-pene-snopreklame-julesokkane som eg med gru har hengt opp dei siste åra.....;o )

Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Lilla dør sa...

Knall bra! Sjølvsagt ei ugle på sokken. Du er goé.
klem

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjempefin! Eg likar godt utradisjonelle strømpar:)

Moia sa...

Kjempefin, skikkelig god den ugla der.