tirsdag 21. februar 2012

Ferie, snop og slikt...

Vi hadde ei flott helg i Bergen. Litt vått eine dagen og litt kald den andre.... Men det gjorde ingen ting for vi fekk snope litt den våte dagen.....

Her er mitt snop vårleg og kjekt, både stoffa og tråden. Det var, omtrent som vanleg, ..... kjøpt utan mål og meining.

Berre fordi det var fint og eg kan leike med med dei fine fargane!

Gullet fekk snope denne og den var i bruk kort tid etter heimkomsten.

Då fekk vi rosa, blå, grøne og lyse minimuffins;o)

Eg vil tru den vil bli flittig brukt, då muffins er ein favoritt i heimen, med eller utan glasur og krem;o )

Mysteriestrikk, lydbok, papirbok og alvebroderi i tillegg til jentene var godt selskap på båten og her er resultatet av øktene med strikkepinnane. Reine festsokkar!! Etter vask er dei blitt mjuke og gode å ha på.

Eg trur dei må vere "til best". 

Eg kjem framleis til å sette umåteleg stor pris på sokkane eg er så heldig å få av søstra mi, då det ikkje blir mange sokkepar eg kjem til å strikke.

Det er eitt par til eg skal lage, og det er desse Ladysokkane. Dei vil passe svært godt til kjolane mine, berre eg finn den rette fargen som kan passe til alle......;o) Viss ikkje må eg lage fleire par......;o)

Den kalde dagen gjekk vi på oppdagingsferd i Bergen. Vi tusla rundt i gatene og fann nokre kjekke kafear som vi prøvde og som vi gjerne kan besøke ein anna gang.

Kanskje alt om ein liten månad, i samband med årsmøte til NQF;o)

Gjer dagen din god!


5 kommentarer:

ahli sa...

Så nydelig garn og stoff du har kjøpt. Hvor fant du dette?

Regner med at det blir tid tl noen kafe besøk og litt til når vi skal på årsmøte.

Astrid

SOLSAUM sa...

Stoffet er frå Quiltekroken. Som vanleg var det mykje flott der og mange variantar og nyansar av grønt.

Tråden er frå Søstrene Grene.

Mona sa...

Så flotte stoffer og garn du fikk kjøpt. Deilig å shoppe litt også. Likte veldig god blomsten i det forrige innlegget. Ha en fortsatt god uke.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Alltid kjekt å snope litt:) Det kjem nok til nytte før eller sidan...

Lilla dør sa...

Sokkane du har strikka var fantastiske! Eg forstår du vil ha dei til best. Såg vanskeleg ut å strikke men sikkert gildt. Kjekt du ville strikke ladysokkane. Klem