mandag 13. februar 2012

Kjoleogslikt.....

Som de sikkert har sett, og skjøna,  har eg ein hang til kjolar. Eg likar godt å gå i dei og eg likar godt å lage dei.

Det er stadig ein kjole eller to i sving i tankane.

Nokre kjem så langt at eg lagar dei.....

Andre ligg å modnast ei stund og enno ei stund til før dei blir til, eller dei blir revurderte så mange gangar at dei blir "nye".



Denne kjolen vart til på nyåret.


Då hadde overdelen lege klar ei stund.

Fleire skjørt, eller stoff til skjørt vart vurderte og valet fall på dette.

Denne gangen vart det blondestrikk og sirklar/blomar "i skjønn forening".

Eg har ikkje mange blå plagg, men skjørtet til denne er i blått.

Eg tenkte eg kunne trene meg litt på den fargen......

.....og med den trygge, gode lillafargen på overdelen har det faktisk gått heilt fint å bruke den.....;o)

Det at det er mykje lilla og grønt i tillegg til det blå,  gjer det heller ikkje vanskeleg ....;o)


Overdelen er strikka i Fin, frå Du Store Alpakka, og er eit fantastisk mjukt og godt garn!

No er det strikke tid. Eg har visst nokre sokkar og eit mysterium som ventar. Eg er nok kome litt bakpå, men det kjem nok ledige stunder til dette og;o)

Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

Lilla dør sa...

Spennande farger! Og flott kjole igjen, du er go"e. Eg har kjole sperre ......tar du kurs!!!!!!! Klem

merete sa...

Så fin den er! Jeg har faktisk det samme stoffet og har vel sett for meg en tunika i det. Men skjørtet var også en fin sak. Må tenke litt på det der, - og ja, jer er også god på å vurder og vurdere og revurdere før jeg enda en gang vurderer og kanskje kommer i gang. Det er glede i slike vurderinger også.

Ha en fin dag i dag, du også!

KariL sa...

Flotte fargekobinasjoner. Kjoledesign er du kjempegod på som alltid.

Ha gode dager!

KariLklem:)

Bestemor Drillo sa...

Spennede fargesammensetning riktig stilig kjole!
Tusen takk for koselig kommentar hos meg! Klem fra bestemor!

Edny sine puslerier sa...

Så kjekt det var å ramle innom bloggen din;) Du lagar mykje fint. Eg legg meg til som følgar;)

Svalen sa...

Så flink du er!
Liker veldig godt kjolen din, vakkert strikkemønster i overdelen,
flotte farger.