Eg har vorte freista over evne…… Eg let meg lett freiste, om
det kan vere ei trøyst,…. Men for kven
veit eg ikkje….;o)
Sjølv om eg eigentleg heldt på med eit prosjekt, måtte eg
berre prøve dette. Eg leika meg litt, og har laga min eigen vårlege vri på eit av AnnaKa sine nye mønster. Det er ein kjekk teknikk ho har nytta denne gangen. Kjekt å prøve og den blir sikkert nytta fleire gangar;o)
I kveld skal eg sy til lukkekanten, og så håpar eg at den fell i smak hos mottakaren.
Eine halvparten vart rosinbollar og den andre halvparten
av bollane fekk ei rute kokesjokolade i midten.
Det er helg og dette vart fredagskosen…. Til
glede for jentene våre!;o)
Gjer dagen din god!
5 kommentarer:
Jag känner den goda bakdoften ända till Sverige!! Så söt vårduk.
Kram Gudrun
Så flott den blei og mottakaren blir nok fornøgd trur no eg :) Ha ei god helg !
Klem Laila
Kjekt at du prøvde oppskrifta:) Bollane dine såg veldig høge og flotte ut, veldig jevne i fargen! Og gode er dei sanneleg:-)
God helg til deg!
Ja, det freistar ofte å ta til på noko før ein er ferdig med det ein held på med. Og av og til må ein berre gje etter for slike lyster :-)
Det quilta teppet dit vart utruleg flott. Trur eg hadde smilt i dagesvis hvis eg hadde fått ferdig noko slikt. Du er dyktig. Ha ein koseleg lørdagskveld.
I read this blog.It really informative for us.Thanx to share with us this one type of informative informations.
Legg inn en kommentar