fredag 3. februar 2012

Måtte berre....;o)


Eg har vorte freista over evne…… Eg let meg lett freiste, om det kan vere ei trøyst,…. Men  for kven veit eg ikkje….;o)
Sjølv om eg eigentleg heldt på med eit prosjekt, måtte eg berre prøve dette.

Eg leika meg litt, og har laga min eigen vårlege vri på eit av AnnaKa sine nye mønster. Det er ein kjekk teknikk ho har nytta denne gangen. Kjekt å prøve og den blir sikkert nytta fleire gangar;o)

 I kveld skal eg sy til lukkekanten, og så håpar eg at den fell i smak hos mottakaren.

Men om ikkje det var nok så fall eg og for denne freistinga….. Desse kan anbefalast!
Eine halvparten vart rosinbollar og den andre halvparten av bollane fekk ei rute kokesjokolade i midten.
Det er helg og dette vart fredagskosen…. Til glede for jentene våre!;o)  

Gjer dagen din god!



5 kommentarer:

Gudrun sa...

Jag känner den goda bakdoften ända till Sverige!! Så söt vårduk.
Kram Gudrun

Anonym sa...

Så flott den blei og mottakaren blir nok fornøgd trur no eg :) Ha ei god helg !
Klem Laila

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjekt at du prøvde oppskrifta:) Bollane dine såg veldig høge og flotte ut, veldig jevne i fargen! Og gode er dei sanneleg:-)
God helg til deg!

Ann Tove sa...

Ja, det freistar ofte å ta til på noko før ein er ferdig med det ein held på med. Og av og til må ein berre gje etter for slike lyster :-)

Det quilta teppet dit vart utruleg flott. Trur eg hadde smilt i dagesvis hvis eg hadde fått ferdig noko slikt. Du er dyktig. Ha ein koseleg lørdagskveld.

free lyrics sa...

I read this blog.It really informative for us.Thanx to share with us this one type of informative informations.