fredag 11. mai 2012

Ein god plan er ein god start.....

Eg puslar på med nål og tråd. Litt broderi har det og blitt.

Det er kjekt å sjå om det blir slik eg har tenkt det, ...nye idear tek form.... kanskje kan eg prøve det.... dermed er eg i gang og plukkar fram fine stoff, fargar og mønster.....

Eg har tru at dette kan bli bra;o) "Eg har ein plan" som Egon brukar seie..... Håpar min endar betre enn hans brukar gjere.....;o)


Eldstegullet har og ein plan, den har resultert i dette.....

Så no er ho og min kjære ute å trillar. Eg tenkjer å vente litt før eg blir med, mest for hennar del. Dei som kjenner meg veit at eg kvepp lett, så ho kan gjerne bli tryggare på bil, veg og slikt før eg skal vere med.....;o)

Min kjære er ein roleg og god sjåfør så han vil nok legge eit godt grunnlag for at ho skal bli ein god sjåfør.

Gjer dagen din god!


4 kommentarer:

KariL sa...

Oii her ser det for å være noko flott på gang. Kjekt å planlegge og ikkje minst å sjå om det blir som planlagt. Gleder meg til fortsettelsen.

Ha ein fortsatt ein god kveld!

KariLklem:)

Lilla dør sa...

Spennande. Kjekt når ein kan gjere sin eigen vri. Ha ein go'e fredagskveld. Klem

Margit sa...

Spennande! Gler meg til å sjå nærmare på kva plan du har ;O) Me er foresten ute og lærekøyrer også - har tenkt L for livsfarlig ei stund no men det kjem seg litt etter litt ;O)
Ha ei fin helg!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Eg har også ein bit av det stoffet, men ingen plan om kva det skal brukast til... Spent på kva du lagar no:)
Junior har også fått beviset, men må vente til ut i november før han får lov ut på veien.
God helg!