tirsdag 5. juni 2012

Litt av kvart frå ei frisk og kreativ helg i havgapet!


Sy-helga var produktiv på mange måter. For det første har vi sydd, sydd og sydd. Laga mat og ete god mat og kosa oss både inne og ute i solveggen. Gode dagar inneheld gjerne begge deler.

Her er ein haug bilete som viser helga sin produksjon på sy fronten. På matfronten vart det lite bilete, men den var god og fekk energien på topp att slik at vi kunne kreere endå meir.......;o)

Dette er ein dus variant som Laila er godt i gang med. Ho starta fredag med applikasjon og handsaum og deretter vart det maskinsaum. Nydeleg i sarte fine fargar. Dette teppet er frå denne boka. Vi såg det begge i Bergen på Årsmøtet og Laila sikra seg både bok og stoffpakke.



Her er KariL sitt teppeprosjekt i div. tekstilar og strukturer.
Den er i naturfargar med ein desj raudt.

Eg reknar med at de får sjå meir av det på bloggen hennar. Ho har div. planar for pynt og quilting så følg med......


Det er hennar vri på eit teppe som Lilla dør hadde med på kurs i vinter.

Som de ser var det noko friskt og til tider bra blest denne helga. Men vi fann ein lun krok så vi tok oss tid til å nyte sola både fredag og laurdag.







Her er nok eit dust og flott teppe.

Dette er det Åshild som har laga. Nydelege stoff som vi har klappa på og sukka over.....;o ) berre fordi dei var så fine....

Teppet har eit reint og fint sikk-sakk mønster, eller lyn


.....som heldigvis berre var i stoffvariant denne helga.......;o)








Dette er Eli sin teppetopp.

Det var berre så vidt at ho fekk det med seg heim, det var fleire som gjerne kunne tenkje seg dette.

Nydelege balistoff/batikk på grøn bakgrunn. Det er berre heilt nydeleg!

Mønsteret er resteteppet som var i Quiltemagasinet i vår, då med kvit bakgrunn.

Det vart også flott med grøn bakgrunn og Eli sin vri på mønsteret.





Her er Solfrid sine arbeid for helga, tre løparar.

Den største er Rosa Natt av AnnaKa og hald deg fast, dette er den 11. ho har sydd!

Nydeleg er den, og tru det eller ei ho har ein plan om ein til i andre fargar. Eg gleder meg til å sjå den og!

Vidare har ho vore innom både jul og advent. Løper på ein kveld og engleløperen er begge henta frå Quiltemagasinet.







Til slutt kjem min variant av Daisy quilt.

Det er det same teppet som Laila har sydd, men min er nok ein gang, noko meir fargerik enn originalen..... Det var ikkje noko nytt.

Eg har snopa ein pakke med 14 nydelege lilla-rosa-brune stoff hos Quiltekroken. Nokre med fine kattar på.....;o)

Pakken har modnast leeeeeeeenge og no fann eg rette mønsteret der dei fine stoffa kom til sin rett, synes eg då....
Blomane er raude som eg synes gjev " det lille ekstra" til quilten.

No er det berre quilting og lukkekant att på teppa våre, men det er ein lang sommar og ein god haust i vente......;o )

Gjer dagen din god!


6 kommentarer:

Ann Tove sa...

Her var mykje flott på ein gong. De har jammen vore produktive. Drøymer om ein gong å få til noko slikt. Har ikkje heilt teken på dette med lappar enda. Men dette var inspirerande.

Anonym sa...

Ja det var ei flott og kjekk helg vi hadde ...og no er teppe mitt snart ferdig saman sydd og....det tok berre litt lenger tid enn hos andre.. Takk for ei flott helg saman
Klem Laila

Lilla dør sa...

Så mykje fint dokke har sydd. Det må ha vert kjempe artig..... eg skulle ha vert der:))) Likt godt Daisy quilt teppene . klem lilla dør

Sonja frå Sunnfjord sa...

Masse fint og godt arbeid her, ja:) Sjølv er eg nok ikkje sååå lappeinteressert enno...

Anonym sa...

Vi hadde ei kjempekjekk helg og tida gjekk alt for fort , trur vi må utvide med ein ekstra dag neste gong.
Åshild

KariL sa...

Innhaldsrik og kjempekjekke helg. Stort bedre kan ein vel ikkje få ei syhelg. Koste meg på alle måtar.
Takk for ei flotte helg!
Symaskina mi må nok finne seg i ei lita pause:)

KariLklem:)