onsdag 8. august 2012

Har du lyst, har du lov.....


.... til å vere med på ei kreativ helg.

Quiltegruppa i Florø inviterer til å vere saman og å gjere det vi likar best, ..... sy, sludre, kanskje lære noko av kvarandre, la oss bli inspirert av kvarandre, dele gode måltid, sludre endå meir, kjøpe lodd og kanskje vinne....







Det vil bli ein aktivitet som kan passe for dei som nett har starta med saum og vil lære diverse teknikkar innan lappesaum.


Eller om du har sydd ei stund og finn at denne kan passe for deg....


Ei liknande veske vil du ha etter denne helga, om du vil vere med på denne aktiviteten.


Eg skal, etter beste evne, hjelpe deg gjennom dette prosjektet.....;o)



For dei som har sydd ei stund og vil lære noko nytt eller berre synes at desse bilda er så fine at du vil ha eit slikt;o).....


... er det berre å komme og vere med! Her er det Kari Witzøe som hjelper og inspirerer deg!



Det er eit flott bilde og med bark bakom vart det ekstra fint.... så eg måtte berre ha med dette bildetet og.....;o )


Nokre vil sy " teppe som varmar". Det er tepper som vil bli gitt til barn som er for-tidleg-fødde på sentralsjukehuset i Førde.

Det er laga to modellar, du ser dei på det første biletet, og elles kan ein sy sitt eige design,

Quiltegruppa og Florø Husflid vil bidra med stoff til desse teppene.


Eg trur det vil bli ei kjekk helg der vi kan vere saman laurdag og søndag frå kl. 11 til kl. 16 begge dagar.

Eg håpar eg ser deg der!!

Meir informasjon og link til påmelding og slikt finn du her.

Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

Janne i Fagerlia sa...

Dette blir helt sikkert en trivelig helg. Her hvor jeg bor arrangerer husflidslaget lignende "arbeidshelger", bortsett fra at vi jobber med skinnfeller. Kjempekjekt!

Edny sine puslerier sa...

Dette hørtes veldig kjekt ut. Og så fine ting;) Lykke til og kos dere!

Grethe sa...

Så flott et arrangement, jeg bor nok litt for langt unna....., men dere må virkelig kose dere med søm, prat og god kaffe.
Klem :0)

Anonym sa...

Det vert heilt sikkert ei triveleg helg :) gledar meg.

Åshild

Tidsfordriv sa...

Her var mye fint og inspirerende.Likte veldig godt ugleposen. Håper helgen blir vellykket.

Ingeborg Lura sa...

Dette ser kjekt ut. Kos dere masse:)