onsdag 19. september 2012

Haust del II



 

Eg fortset med tema haust.....

Det er mykje inspirasjon å finne ute og vi fekk svært mykje inspirasjon på kurset i helga....



Kari har laga sin versjon av vimpel, ein blad vimpel. Den likte eg!

Eg fekk lære nokre triks og knep og kunne lage min eigen. For tida brukar eg den slik... Har eg ikkje fått ein flott løpar?


Den kan hengast opp som ein vanleg vimpel, henge rett ned som ei gardin, eller slengast over f.eks. ein spegel eller ei ramme, nett som haustlauv som har dala ned..... multifunksjon, slik likar eg!

I dag har eg laga nokre fleire versjonar av lauv, det var så kjekt at eg heldt på i heile ettermiddag og utover kvelden og dermed blir det bilete ein anna gang, når dagslyset har kome att;o)

No vil eg finne fram nål og tråd, eg har teikna av eit mønster som eg vil brodere litt på;o)

Levande lys, tekoppen og handarbeid...... Det er lukke!



Gjer dagen din god!

 

5 kommentarer:

Eli sa...

So herlege fargar! Er jo veldig glad i haustfargar, og fekk lyst å finne fram stoff i gladfargar. Kven veit, kanskje eg skal lage nye garndiner til badet? I uro-versjon, bytte ut sommarfuglane? Hm..

Svalen sa...

Så flott vimpelen ble med forskjellige stoffer og farger:)

Her henger nykjøpte batikstoffer i høstfarger til tørk. De skal selvfølgelig brukes til blader:)

KariL sa...

Nydelige haustløv. Kjekt å kunne boltre seg i haustfargane. Gleder meg til eg finn tid til å fortsette.

Ha gode haustdagar!

KariLklem:)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Fine høstblad!

Anonym sa...

Quiltar kastanjeblader med eg klarar, enno ein del att. Det var ei kjekke helg :). Må gjere duken ferdig før eg startar på vimpelen, men den fristar når ein ser bilda dine.
Åshild