fredag 28. september 2012

Sommartider.....




 

I sommar var eit av handarbeida mine eit hekl i ein sprek oransje farge. Eg ville ha ein kjole til kveldsbruk på turen til Montenegro og til fine sommardagar i heimlandet. Den vart mykje brukt på turen og etterpå vart det smått med fine sommardagar/kveldar der eg kunne bruke den. Det kjem nok fleire fine dagar..... til neste år......;o) Då er eg klar!

Kanskje kan den brukast i vinter med ulljakke og ein tjukk tigts og labbar til.....;o) Eg trur det må prøvast ut!

Eg har henta litt her og litt der når eg laga denne. I ei av bøkene til Tine Solheim, eg trur det er Maskeball, har eg funne denne overdelen.

Litt ekstra pynt måtte eg ha og då kom blomsterpynten på, inspirasjonen til den fann eg i eit blad eg snopa i vår/sommar.

Skjørtet er redesign. Ein solkjole som berre er senka litt....

Vaffelsaumen er kome under bysta i staden for over, som det var tanken då kjolen hang i butikken. Stroppene er fjerna og sydd fast til den hekla overdelen.

Til meg passar kjolen betre då.....




På varme sommardagar/kveldar er det faktisk godt å gå med lang flagrande kjole. Den passar og godt til solbrun hud;o)

Dette bildet er frå i sommar då eg hekla på overdelen. Eg måtte berre ta det med då det var så flotte fargar saman.....

Eg puslar på med forskjellig, men lysta til å blogge er heller lav for tida.... Kanskje (og brått) kjem eg sterkt tilbake.....

Gjer dagen din god!

7 kommentarer:

Unknown sa...

Kjempe fin kjole. Det blir en fin sommer til neste år da har du anntrekket klart.

KariL sa...

Nydelig kjole. Godt det alltid ligg ein sommar og ventar på oss, berre vi ventar lenge nok:)
Då er du jo heilt klar.
Når ein treng pauser, er det alltid lov. Viktig å kjenne etter kordan ein har det.

Ønsker deg ei riktig god helg!

KariLklem:)

Anonym sa...

Du, det var ein god ide! Eg har to slike kjolar med vaffelsaum, som eg ikkje brukar nettopp fordi vaffelsaumen dett ned av puppane..

Kanskje eg berre må til å strikke overdelar til dei, og så vert det heilt nye kjolar! :D

Takk for tipset! Ha ei fin-fin helg :)

Unknown sa...

Nydelig fin kjole, ønsker meg en sånn :o) Er heller ikke så blogginspirert for tiden, vi får ta en pause og komme sterkere igjen! Ha en flott uke :o)

Svalen sa...

Nydelig kjole.
Smart måte å fornye på, kommer nok til å "låne" ideen.

flisa sa...

Så mange fine kreative ideer på bloggen din. Artig å kikke innom. Ha en fin dag :-)

Maret sa...

Gjenbruk er inn for tida, og denne blei då fantastisk...