søndag 2. desember 2012

Ferdig!.....for ei stund sidan......



Langt på overtid og som sistemann i mål? er eg ferdig med mysteriet i år.

Tida strakk ikkje til med julemesse den same helga. Veka gjekk og i racerfart... Løparen har vore ferdig nokre dagar og endeleg kan eg vise den fram;o)

Det er alltid like kjekt å få desse mysteria frå Merete. Min versjon er ikkje spesielt "julete", men eg er godt nøgd med den.

Heilårsdukar er og kjekke.....;o)


Den er i yndlingsfargekombinasjonen min og er pynta med litt handsaum og mange kyr pyntar lukkekanten!

Jepp den er passeleg rampete for meg!

Det er mange flotte versjonar rundt om og link til nokre av dei er samla på sida til Merete, ta ein titt og kos deg med ei runde på dei flotte bloggane.



No er det førebuing til advent, då er det kalender gåver og pynt som er tema.

Snøkrystall hekla i Jubeleumsgarn frå Rauma skal henge å funkle i vindauget i førjulstida. 

Dei heng for tida  i utstillinga på jobb, Bente, "Sjefen" og eg har kosa oss denne veka med å pynte i butikken;o)



Gjer dagen din god!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Den blei fiiin! Eg er ikkje begynt neb det kjem no ei jul neste år og, stoffa er plukka fram ....
God søndag vidare..
Klem Laila

Dollandesign sa...

Det är en jättefin löpare som Du har sytt i härliga färger, tycker jag.

Dollandesign

Anonym sa...

Løparen vart kjempeflott! Og heilt sant, fargane er heilt deg :D

No kom endeleg snøen, då passar det ekstra godt med snøkrystallar i vindauge, synes du ikkje ;)

Maret sa...

Fortsatt god jul, frå sofakroken til Bente..