fredag 3. juli 2009

Varm og god sommar;.)



Det er fint med varme og late dagar. Dei blir late, då eg blir doven av varmen;.) Litt stitchery, skogsturar og midt på dagen ein tur på syrommet. Då er det godt å vere inne. Kvelden er fin på altanen med ei god bok eller handarbeid. Eg er livsnytar av rang for tida!










Eg har brodert ferdig nokre merkelappar så er det til å sy på bakstykke og quilte dei litt etterpå.













Nokre handlenett har og blitt til. Det var ei koseleg stund på syrommet med lydbok som selskap.







Elles har det vorte førebuing til ferietur. Mannen har starta på ferie i ettermiddag og vi reiser først ein liten helgetur til mine foreldre.

Måndag vender nasen sørover og skal ende i Danmark i midten av neste veke. Då ventar nokre gode dagar der før vi stikk innom Oslo på veg heim. Det skal bli kjekt å vere på tur;.) Håpar på sol og varme også då. Om ikkje skal vi nok fylle dagane med kjekke aktivitetar og sjå og oppleve nye ting.







På byturen i dag greidde eg ikkje å motstå tilbodet på trådbutikken...... ;.) Det var 40% rabatt på sommargarnet til Garnstudio og då kjøpte eg nokre nøster kvit Lin som eg har tenkt eg skulle bruke til denne fine toppen.

Det blir fint til sommarbrun hud!




Ha ein nydeleg sommarkveld!

7 kommentarer:

Karen Klarbæk sa...

God ferie...også i Danmark.
Fint poser/net.

Og rigtig god og varm aften.

Laila sa...

Ja, er det ikkje herleg med slik sommar som vi har no. Sjølv må eg vere på arbeid i tre veker til før eg kan ta ferie, men det gjer ingenting når vi har det så fint som no. Nyt livet på terassen når arbeidsdagen er slutt. Ha ein fin tur til Danmark.

SNILLPIKE♥ sa...

God ferie, og god tur til Danmark. Vi starter ferien i dag òg, men skal ikke reise noe sted før i neste uke. Men da går turen nordover til Sunnfjord, gleder meg.....

KariL sa...

Ha ein god ferie. Skal jobbe to uker til, så får vi sjå kor vi tek vegen. Ut på tur blir det i alle fall. Skal være fyste veka heime for å vente på at kallen skal begynne på ferie. Då skal eg sy altså. Gle meg allereie.

Ravheksen sa...

Jeg tror, at dette sted vil vaere noget for jer alle: www.ribevikingecenter.dk og hvis I vil opleve at kore over havbunden til en lille vadehavso saa kik her: www.mandoebussen.dk
Ca. 15-20 km fra Ribe ligger en anden o Romo. Man korer derover og tager ud paa Lakolk, hvor der er en stor strand, hvor man maa kore i bil.
Et andet link www.visitribe.dk
Der er en garnforretning i Dagmarsgade 4 i Ribe.
Jeg haaber I faar en dejlig ferie.

Anlen sa...

Herlig topp, den blir sikkert flott!

Ha ein fin sommar vidare:)

Merete sa...

Du har jo virkelig vært produktiv i sommervarmen. Kos deg videre i ferien!