mandag 9. august 2010

Ein god nr 2....

Det kom ein sms frå søstera mi, nokre dagar etter at dei fekk denne, om eg kunne tenkje meg å lage ein til....

Sjølvsagt ville eg det!!

Denne vart litt breiare og lengre slik at den kan passe på spisebordet dei har.
Det er berre kjekt å lage ein til når eg kan bruke slike flotte stoff . Ekstra kjekt er det når eg veit at mottakaren likar det eg har laga.....;o)

Mor mi hadde bursdag rett før vi reiste til Stockholm og ho fekk bla. denne med oss. Utgangspunktet er eit AnnaKa-mønster. Broderiet er frå ei av dei mange bøkene mine.

Eg pynta den med ein av mamma sine gamle øyreklips. Den hugsar eg frå då eg var lita jente. Eg synes den var så NYDELEG og eg prøvde dei gang på gang, men ikkje lenge av gangen..... Klips har aldri vore noko for meg.....;o) Øyredobben er av plast og er ein prestekrage eller margeritt.... Den passa ganske godt på mappa synes no eg, og kjekt med det ein kan bruke om att;o)




Og så må eg berre ta med endå eit bilde av den vakre rosa mi. Den har folda seg endå meir ut og er til stor glede!!!

Ha gode dagar!

3 kommentarer:

Laila sa...

Flott løpar og toalettveske du har laga. Artig med den øyreklipsen.

Grethe sa...

Nydelig løper og flott toalettveske.

KariL sa...

Toalettveske var bare herlig :))