torsdag 9. februar 2012

Stolt?..... JA!

Eldstegullet har og skaparglede. Eg er stolt av ho og når eg ser dei tinga ho vil lage og det ho får til blir eg endå meir stolt. Det at ho har den same gleda som eg med å skape, er kjekt.

Det er no ein gang slik at vi foreldre har verdens beste barn, og det har vi!! Berre det å vere den du er er godt nok og foreldrene kan vere stolte!

Når du då ser at dei vil prøve noko og får det til, same kva det er, blir ein endå meir stolt på deira vegne.

Eg er heldig for vi har tre flotte jenter å vere stolt av og vere glad i!


Dette er kva eldstegullet har kreert i vinter.

Er det ikkje flott??

Den brune kjolen laga ho til juleballet, det er kjekt å ha ein kjole som ingen andre har....  Ho fekk og pris som årets designer på ballet;o)

Her har ho pynta kjolen med blomster. Lett og luftig kappeskjørt, stroppelaus overdel og pynt,  gjer kjolen til eit festplagg;o)


Den lyse kjolen har ho både teikna og malt då ho gjekk på kulturskulen.

Ho likte den så godt at ho likså godt berre sydde den.


Eg har tidlegare vist biletet ho har malt. Ho har og printa ut bilete av maleriet og sydd det på ein topp.

Kjolen har vore "laga" i mange variantar.




Det er mange flotte detaljer på kjolen.

Alle dei flotte perlene ved utringinga og den store sløyfa i livet.
Under skjørtet er det eit tyllskjørt i same farge som sløyfa og perlene. Ein draum av ein kjole.

Både denne og den brune kjolen har vore med på UKM. Der ho og fekk ein pris. .. om eg er stolt, å ja!

Det er ei glede å sjå at ho kan få til det ho vil......;o)


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Gudrun sa...

Så härligt att läsa om din stolthet över dina barn.Vi gör det alldeles för lite !
Vilken skaparådra hon har ärvt.Lyckliga hon--och du.
Kram Gudrun

Sonja frå Sunnfjord sa...

Verkeleg eit designertalent! Ho må jo berre gå vidare med dette:)
Fin pung under her! Er det magnetlås du har brukt?
Ha ein fin dag!

KariL sa...

Du kan være stolt av jenta di. Ho er eit designertalent uten om det vanlege. Ynskjer ho lukke til vidare!
Du har jo ein heil blomsterbukett å være kry av :)

Ha ein god dag!

KariLklem:)