torsdag 5. januar 2012

Strikkenytt....



For ei tid tilbake skreiv eg om
nokre strikkeprosjekt eg hadde gjort ferdig i julehelga.

 I går vart dei få stinga sydd og mellomstegullet fann den finaste knappen i krukka;o)


Ein bolero til bruk over finkjolen eller ein topp/bluse er klar.

Den er strikka etter same modellen som denne, men med anna mønster.

Eg har og brukt den same tråden i begge jakkene, i dei to gulla sine favorittfargar.

Lette og luftige jakker til finstasen;o)








På nyåret har eg og strika ferdig dette skjerfet.
To nøster har eg brukt, men eg  huskar ikkje kva tråden heiter. Også dette er  eit garn fra Rowan.

Mønsteret har eg funne i denne boka. Det heiter spindelvev.

Eit fint og enkelt mønster i rett og vrangt.

Så då er det nesten tomt i strikkeprosjekt-korga mi.......

 Men det varte ikkje så lenge....


... for i dag har eg snopa to nye nøster på den lokale trådbutikken.                                                                         Eg vart freista over evne og har slengt meg med på dette mysteriet..... ;o)                                                                     Så no har eg ikkje tid til å skrive meir... Eg vil strikke litt.....;o                                                                               Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

Lilla dør sa...

Heilt imponert som vanleg ! Du er bare heilt fantastisk det du får gjort og så fint det er. Kos deg med dei nye strikkeprosjekta!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Nydelege fargar på plagga! Jakka var verkeleg fin!

Anonym sa...

Flotte ting du har laga, eg er og heilt imponert! Spent på kva det neste blir :)
Klem Laila