tirsdag 31. januar 2012

Fint ferdig!!;O)

Så er eg ferdig med hjerteteppet mitt! De er vel lei dette no, det er ikkje eg!;o)

Det har vore kjekt å lære denne teknikken av Helle C.E. Løvenskiold i oktober.

Vidare var det kjekt å quilte det sjølv og glede seg over alle dei kjekke stundene med nydeleg stoff og fargar i hendene. Stor takk til Wenche hos Northern Quilts som tok utfordringa og fann alle dei flotte stoffa!

Det varma godt medan eg sydde lukkekanten og no varmar det hjertet mitt å ha fullført det og at eg kan henge det opp på veggen;o)

Det er til og med flott i solskin!




Det er quilta med rette saumar, nokre gangar i "grøfta" i hjertene og nokre gangar i striper i blokka rundt hjertene.

Kantane har og rette saumar med ein inc mellom kvar saum. Eg tenkte at eg ville ha ei enkel quilting då hjertene skulle ha fokuset på dette teppet.

Og så likar eg slik quilting, i striper gjerne tett i tett. Det gjev ei tøff effekt på arbeidet.


Jepp, eg er nøgd og kosar meg og nyt det nye teppet mitt! Gliser frå øyre til øyre.....;o)

Det er ei glede å få til nye teknikkar og å kunne gjere alt sjølv. 

Det blir som ungane seier; "klare sjølv"!! ....og mitt smile er minst like stort smil som dei har når dei meistrar noko nytt!....

Gjer dagen din god!

søndag 29. januar 2012

Søndagsinspirasjon....

Eg har sydd på ein lukkekant nokre stunder, no og då, og ser snart i enden på prosjektet med  Buggy Barn hjertene.

Eg hadde vore ferdig med det no om eg berre hadde arbeidd med det, men slik er eg nok ikkje..... Det er ingen hemmelegheit.....

Tusenvis av idear dukkar opp og nokre av dei surrar rundt lenge nok til å bli noko av.

... og så må eg berre prøve, for å sjå om det blir slik eg har tenkt.... Nokre gangar kjem ideane pga. eit stoff, mønster eller fargar.

Andre gangar ser eg eit mønster og må berre.... , medan eg syr kjem andre idear. Så endrar eg litt, tilpassar litt, og får noko nytt inspirert av mønsteret eg starta med.

Er det andre som har det slik?? 

Eg har eit lappeprosjekt på gang. Her er ein liten sniktitt...... Det går visst i lyse fargar for tida, med nokre fargeklattar inn i mellom.

Det er kjekt å kunne ha litt stoff på lager når lysta til å sy melder seg.....
Desse stoffa er plukka frå det lageret;o)

Men no vil eg strikke litt, eg held visst på med nokre sokkar.... Eit mysterium seies det.....;o)

God søndag!


Gjer dagen din god! 

lørdag 28. januar 2012

Praktiske, brukbare gåver....

Mellomste har vore i bursdagsselskap til to klassevenninner. Då ho kom heim med innvitasjonen var det og med eit ynskje om gåva......

Dei vil då gjerne ha pennal....;o) Det smeltar eit kreativt morshjerte at jentene vil ha slike og at mellomstegullet vil gje dei det.

Eg fekk vite kva fargar som vil falle i smak. Eit godt utgangspunkt for oppgåva;o)

Eg plukka i lageret mitt og fann nokre fine fargerike stoff, nokre ugler sneik seg og med denne gangen....

Fargerik glidelås er kjekt til slike prosjekt. Eg gledar meg over å boltre meg i fargar!;o)

Namnet på mottaker må og vere med, det er stas og ingen tvil om kven som eig det!



Desse pennala/ boksane kan varierast i det uendelege. Denne gangen varierte eg med å ha striper i tre stoff på det eine.

Ei stripe på tvers i ein kontrastfarge og enno eit anna stoff til kantar ved glidelåsen "gjer susen".


Det andre er laga av 6 kvadrat med ei stripe imidten, som dannar botnen.

Eg har funne ut at silkebanda som ofte er i skuldersauman på nye gensarar eller blusar er fine å bruke om att.

Denne gangen har eg brukt dei som "hankar" ved glidelåsen.


Andre gangar knyter eg dei i glidelåsen med knappar eller perler på. Det er i passe lengde og smale nok til å tre perler eller kanppar på.

.....Hmmmm her var innebilete, ja, ja du ser rette fargen over.

Mellomste gullet og mottaker er nøgd og då er det kjekt å lage gåver!

Gjer dagen din god!

onsdag 25. januar 2012

Pausesaum.....


.... er fint;o) Det var kjekt å sy på eit mindre prosjekt.

Eg fekk vite kva fargar som skulle brukast og elles frie tøylar;o)

Mønsteret har eg sydd før, og det er eit kjekt og enkelt mønster.




På mønsteret skal det vere knappar på hjertene.

Eg laga ein liten vri, då eg ikkje er så glad i knappar på løparane.

Det kan verte skummelt om det skal vere lys, koppar og slikt på bordet, opp på løparen ......;o) 

Nokre korssting der i mot, er ikkje så mykje i vegen;o)


Eg fann og eit kjekt bakstykke-stoff. Det er ideelt til slikt bruk, og eg synes det pyntar litt og.

Ein kommentar eg fekk var denne: Den er jo like fin på baksida, jo! Den kan brukast på begge sider.....;o) Kjekt det, og det er valfritt;o)

Det er ein kjekk løpar. Og jammen sneik det seg inn eit hjerte eller to i dag og ....;o )

Eg har og kome vidare på teppet, og er no klar for handsaum! dvs. lukkekant i lange baner;o)

Det vil ta nokre kveldar, men eg er på god veg til å få teppet på veggen!
Å, eg gledar meg!!!! ;o) ;o) Jepp, det blir hansaum for alle penga i nokre kveldar no;o)


Og tusen takk for alle kjekke kommetarer! Det er koseleg med tilbakemeldingar;o)

Og velkommen til nye følgarar, det er kjekt at de ser innom meg;o)

Gjer dagen din god!




mandag 23. januar 2012

Laaaaaaang dags ferd.......


Ein lang dag har blitt kveld og eg har ein liten siesta i sofaen før siste etappe.

Mange små og store avtaler etter kvarandre har gjort at eg har vore inn og ut av huset i heile dag.

Etter ei lita pause er det  kvelds og leggetid for dei minste deretter er det slumretid i sofaen for meg.  Eller eg kan finne meg eit strikk slik at eg held meg vaken ei stund til før eg kan hoppe til køys;o) 

Med eit auge på strikket og eit på fjernsynet blir det ein god ende på dagen;o)



Forrige vekes strikkeetappe enda i to hælar og denne veka er det foten som skal strikkast.

Det er ikkje ofte eg strikkar sokkar, men desse har vore kjekke å strikke.

Det er nok fordi det er mønsterstrikk heile vegen og det er kjekt å sjå mønsteret vekse fram. Berre ein pinne til..... og så ein til.... og endå ein..... ups har klokka blir så mykje......

Er det nokon som kjenner seg att?......



I går var ein nydeleg dag!
Det var sol og med snøen som vi fekk tidlegare i helga vart dagen lys og fin.

Eg starta på syrommet med "pause-saum" som planlagt. Kjende at det var greitt med eit mindre arbeid, så teppet fekk kvile.

Ut på ettermiddagen vart lysta på å vere ute i sola større og større, eg fekk på meg sko og klede og fekk meg ein god time i skogen. Nydelg med frisk luft og til tider sol i fjeset



Det er utruleg kor mange flotte motiv eg finn, spesielt i solskin......

Nydelege fargar.


Til og med dette hjertet fann linsa mi! ... eg har sagt det før, hjerter har det med på dukke opp hos meg......;o)



I morgon blir det teppesaum. Eg kjenner at eg har fått "blod på tann" no når det nærmar seg ferdig....

Må berre sjå korleis det blir...... og korleis blir det om eg gjer slik......og skal tru korleis det blir med lukkekanten......  det er berre ei løysing på det;

Sy litt til.....;o) Men det er i morgon....



Gjer dagen din god!

lørdag 21. januar 2012

Phhuuuuuh....


Det er tungt dette! Tungt for skuldrane, så det må mange små pauser til.....
Eg trur det får vere nok for i dag.

Eg har blitt inspriert av Laila, som ikkje har blogg..... enno;o) .... og som har fått sitt teppe ferdig.

Kankje får eg legge ut bilete av hennar teppe når eg har fått teke det i "augesyn", som det så fint heiter....

Eg har sett toppen då den var ferdig, og før det vart quilta. Men dei brukar å forandre seg mykje med quilting og lukkekant.



Her har eg teke golvet i bruk for å gjere teppet klart til quilting.

Bakstykket er festa til golvet med maskeringstape,  så er vatt lagt på og til slutt toppen.

Mange nåler er festa og for å vere heilt sikker vart quilten og tråkla litt.

Som du ser får den noko tøff behandling og blir snurra og vridd både hit og dit under quiltinga så difor tenkte eg at det var greitt med begge deler.


Det er eit stort teppe og eg gledar meg verkeleg til å få henge det opp på veggen, men det skal fleire sting til og enno nokre pausar før det er ferdig...

Veggen er klar og berre ventar på teppet.....;o) og no er det på veg.

Eg blir meir og meir glad i desse fargen og synes dei er flotte saman.



Eg tenkte eg skal kombinere litt og nytte ein del av pausene til å starte på eit nytt prosjekt, som er mykje mindre og lettare!

Det er kjekt å kunne sy noko for andre. Veldig kjekt at andre kan ha nytte og glede av min hobby;o) Det trur eg må bli dobbel glede;o)

Eg trur dette kan bli fint saman;o)


Gjer dagen din god!

torsdag 19. januar 2012

Vinter ute .... eller inne .....

I dag haglar det, slik at det blir kvitt ute. I vert fall ei lita stund.

Men no kan det bli vinter inne .... for denne gjengen har flytta inn... .Dei har plassert seg i vindauga i gangen og kikkar ut på den manglande vinteren.......

Dei ynskjer oss i huset og alle andre som tek turen hit, velkommen!!




Det er nok ein gang Kari som har gitt inspirasjon og mønster til desse figurane.

Dette var eine temaet på kurset ho hadde hos oss i november.

No har dei endeleg blitt ferdige og kan pynte opp og lure fram smilet hos oss.




Det har vore kjekt å lage dei, kleda og pynte dei.

Alle har fått kvart sitt uttrykk. Eg likar det best slik.

Litt restegarn har blitt til jakke, skjerf og lue.

Strikkepinnar eller greiner til armar.....



Ein bit stoff til forkle og skjerf og hjertene, dei finn som oftast vegen av seg sjølv.....;o )

Broderi, knappar og anna pynt har kome til undervegs, det er utruleg kva ein kan bruke berre ein kjem på det.....;o )





Gjer dagen din god!

tirsdag 17. januar 2012

så gjekk det slik det måtte gå.....



... eller noko slikt.....

Når eg skulle lage noko av" frøposane" vart det til at eg laga noko som eg likar godt å lage....

Til den første har eg henta inspirasjon frå denne bloggen og denne bloggen

....ideen har deretter modna ei stund og etter nokre kosestunder med symaskina vart resultatet dette.


Ein engel (surprise!!!) av posen med blomkarse.

Ein skikkeleg langbeint hageengel... Namnet måtte berre bli: Majus....;o)

Bein og vengjer er av lerk.

Blonden som var med har blitt skjerf . Eg har og brukt ein bit av den for å binde saman greinene til vengjene.



Håret er kjøpt på snopebutikken;o) fordi fargane passa så godt til kjolen.....


Eg trur denne engelen er litt rampete, den ser i vert fall slik ut.... og klar for ein innsats i hagen... eller skal ho berre støtte seg til riva......;o)


Deretter var turen kome til posen med gulrot.

Eg er svært glad i gulrot, eg knaskar den rå med eller utan dipp eller kokar den lett eller raspar den til middag:o) Gulrotkake har og vore ein favoritt.....;o)
For den er jo sunn, er den ikkje.... i vert fall i namnet....


Eg ville og ha heile biletet med og dermed vart det ein "gamal travar"! Nok ei mappe har sett dagens lys...





 

Eg er heldig, for eg har fått eit fantastisk grønt stoff som tidlegare var gardiner.

Eg hadde og ein knall raud glidelås som berre ropte etter å bli brukt nett til denne mappa!
 
Dette er no kombinert med gulrøtene mine. Ei fargeglad og lang mappa med god plass til litt større prosjekt eller saker og ting;o )

Den siste biten av blonde vart knytt i glidelåsen, så no har eg berre att ein liten bit av stoffet med blomkarse. Det tenkte eg å bruke til applikasjon. Ein liten fargeklatt...

Vart dette bestått eller.......???;o)




Gjer dagen din god!

søndag 15. januar 2012

Mysteriestrikk... og mysterieutfordring.....;o)


I dag har eg skrive ut ei ny etappe.

Det er spennande å sjå korleis mønsteret blir for kvar omgang.

Det er kjekt strikk og nett passeleg lengde/mengde arbeid for kvar veke.



Med nett passeleg meinar eg at eg og kan pusle med andre handarbeid mellom øktene.

Det er kjekt med variasjon på handarbeidsfronten;o)


Som du ser blir det nokre flotte sokkar, denne veka er det hælen som skal strikkast, med mønsterstrikk etter diagram.

Spennande.....;o)
I dag håpar eg på ei god økt med symaskina.

Eg har for ei laaaaang tid tilbake blitt utfordra.

Den har fått modne lenge, i går sette eg i gang.

Eg kom eit stykke på veg og håpar å få gjort meir i dag....;o)


Gjer dagen din god!

fredag 13. januar 2012

Mappesaum....;o)

Vel, eg har ikkje sete lenge nok til å sy saman kjolen....
Men eg har fått sydd litt, då eldstegullet plutseleg berre måtte ha ei sydd gåve.

Som vanleg...;o) får syerska temmeleg kort frist til det skal vere ferdig, eller skal vi seie seint beskjed om det som skal gjerast......

Eg fekk heilt frie tøylar! Ho likar det lyst og englar og sånn.....var beskjeden.... Vel kva gjer ein då?



Då ser ein gjennom stoffa ein og to gangar. Prøver nokre av stoffa saman med bilete som eldstegullet har plukka ut.

Plukkar fram litt stesj, tenkjer litt, funderer og tenkje litt til. Ser gjennom stoffa ein gang til,  går tilbake til det opprinnelege...

Stryk litt, kuttar litt her og litt der, starter å sy, og plutseleg går alt av seg sjølv og vips er ein ferdig..... eller noko slikt.....

Kjekt var det i vert fall, kjekkare enn helgevasken eg er ferdig med om litt...... Etter kaffipausa.....;o )

Berre litt til og så er det handarbeid og god fredagskveld!

Gjer dagen din god!

torsdag 12. januar 2012

Hipp, Hipp Hurra!

Dagane fyk avgarde! .... og  ute bles det og godt, eg hadde problem med å gå då eg var ute i byen i dag. I bygene var det luftig, gitt!

Men vi kosar oss inne, for i dag er eldstegullet 16 år! Eg har mimra litt det er vel slikt ein gjer når ungane har bursdag......;o)

Vel, vi har vore heldig med go'jenta vår. Ho er omtenksom, inkluderande, hjelpsom, pliktoppfyllande passar godt på oss i familien både på godt og vondt....;o ) og sist men ikkje minst likar ho og kreative syslar....;o)

Til hausten kjem ho nok til å bli hybelbuar, då ho skal starte på vidaregåande skule. Truleg blir det ein god dose kreative fag på timeplanen;o)

Eg syr nokre få sting kvar dag, slik at eg ikkje gløymer korleis eg skal gjere det.....;o)

Det har resultert i eit nytt skjørt, ....sydd over fleire dagar.... toppen har vore ferdig ei stund.

Eg skal berre sitte i ro lenge nok.... til å sy skjørtet og toppen saman..... Når det er gjort, blir den vist fram her......;o)

Men i kveld er det lasagne på menyen, til ære og glede for eldstegullet!!

Gjer dagen din god!

mandag 9. januar 2012

Restefest!

Sjølv om syrommet er ryddig og kjekt har saumen uteblitt......

Eg har vore innom, sett meg ned ved maskina og kosa meg over eit ryddig syrom. Eg har teikna, skore og laga til eit nytt saumprosjekt, på quiltebordet til maskina.....,

....og prosjektet er til handaum.... Eg har reparet ei pute til eldstegullet, men ut over det har eg ikkje rørt maskina sist veke.

Dagane har vore fulle av div. prosjekt og dermed er det strikkepinnane og heklekroken som har freista  i pausane. Som du har sett er det blitt nokre småprosjekt sidan julehelga, og no er det to til som er ferdige.

Det siste er desse som er restar frå denne. Eg hadde ein rest av stoffet som eg sydde saman på langs, den har lege ei stund på vent, men i dag fann eg inspirasjonen til å hekle ein blondekant på endane. Eit lunt skjerf har det blitt. Kanskje blir det litt meir pynt på, det vil vise seg.....;o )

Helga har og bydd på nokre stunder med strikkety og då har eg laga desse pulsvarmarane. Eg har brukt eit anna mønster enn på kjoletoppen, men i liknande striper etter innfallsmetoden.....;o) Difor er dei to vantane både like og forskjellige;o )

Det er nokre nydelege grønfargar som eg er grådig glad i. Eg har enno litt att og tenkte å sjå om eg fekk endå eit plagg av det.....;o )

Eg har og kome vidare på mysteriestrikket mitt, tenkte eg skulle vente litt med å viser det fram dersom det er nokon som er med og som ikkje har kome i gang enno.

Eg vil ikkje øydelegge gleda over å sjå korleis mønsteret blir til. Men i slutten av veka skal de få sjå det, då er eg gjerne ferdig med begge to;o )

Gjer dagen din god!

fredag 6. januar 2012

Kjekt!!!!

Dette er kjekt!!

Eg starta på mysteriet i går. Det var ein kjekk kveld;o). Det gjekk så greitt at eg like godt strikka starten på begge sokkane;o)

Trådvalet er som du ser Fabel frå Garnstudio og jammen vart det lilla, ... no vart du overraska tenkjer eg......;o)







No er det berre å vente på neste steg som kjem søndag.

Heldigvis har eg eit anna strikk på lur.....

I helga skal vi feire to flotte ungdommar, det er eldstegullet som blir 16 år neste veke! og mostegullet som blir fjortis! Utruleg! og kjekt;o)

Gjer dagen din god!

torsdag 5. januar 2012

Strikkenytt....



For ei tid tilbake skreiv eg om
nokre strikkeprosjekt eg hadde gjort ferdig i julehelga.

 I går vart dei få stinga sydd og mellomstegullet fann den finaste knappen i krukka;o)


Ein bolero til bruk over finkjolen eller ein topp/bluse er klar.

Den er strikka etter same modellen som denne, men med anna mønster.

Eg har og brukt den same tråden i begge jakkene, i dei to gulla sine favorittfargar.

Lette og luftige jakker til finstasen;o)








På nyåret har eg og strika ferdig dette skjerfet.
To nøster har eg brukt, men eg  huskar ikkje kva tråden heiter. Også dette er  eit garn fra Rowan.

Mønsteret har eg funne i denne boka. Det heiter spindelvev.

Eit fint og enkelt mønster i rett og vrangt.

Så då er det nesten tomt i strikkeprosjekt-korga mi.......

 Men det varte ikkje så lenge....


... for i dag har eg snopa to nye nøster på den lokale trådbutikken.                                                                         Eg vart freista over evne og har slengt meg med på dette mysteriet..... ;o)                                                                     Så no har eg ikkje tid til å skrive meir... Eg vil strikke litt.....;o                                                                               Gjer dagen din god!